They May Forget What You Said, But They Will Never Forget How You Made Them Feel

I ei verd full av innhald som skrik etter merksemd, fokuserer vi på det som verkeleg betyr noko – å bli hugsa.
Hos Blendverk hjelper vi selskap med å formidle bodskapen sin gjennom sterke visuelle forteljingar som rører ved folk på eit djupare nivå – enten det er for å byggje merkevare, drive kampanjar eller styrkje rekrutteringa. Ved å kombinere visuell slagkraft med emosjonell djupne, leverer vi filmar som vekkjer kjensler og etterlet inntrykk.
Bak Blendverk står den prislønte regissøren Bård Røssevold, ein filmskapar med ei særeigen evne til å foreina det stilistiske med det ekte. Arbeidet hans har hausta internasjonal anerkjenning, vunne fleire prestisjefylte prisar og levert resultat som treff både publikum og bransjen. Mellom anna har reklamefilmen Das Chair for VW nådd over 400 millionar menneske verda over.
Uansett kva type film eller produksjonsstorleik som trengst – saman skapar vi eit blendverk som ikkje berre blir sett, men hugsa.
Back to Top